Anbefalt bakgrunnsmusikk er Raga Rockers, gjerne Slakt, Noen og Hate og Når Knoklene Blir Til Gelé.
Kompani Orheim er den tredje filmen i historia om Jarle Klepp, basert på Tore Renbergs romanar. Filmen gir innblikk i korleis ein familie på tre går i oppløysing som fylgje av misbruk av alkohol. Den gir også innblikk i korleis ei slik dramatisk hending i heimen kan kaste ein gut i niandeklasse ut i ei identitetskrise.
Kompani Orheim startar med at Jarle får beskjed om at faren hans er daud. Den vidare historia er eit tilbakeblikk til då Jarle gjekk i niandeklasse og den påfølgjande sumarferien. Personane som driver historia er Terje Orheim, Jarles far, og Jarle. Heile historia er basert på Terjes alkoholmisbruk og Jarles søk etter ein identitet.
Terje har sett seg ut planar for eit godt familieliv basert på blant anna samhald. Inspirert av tungtvatn-sabotørane gir han familien kallenamnet Kompani Orheim. Vidare i filmen går heile familien i oppløysing som fylgje av Terjes misbruk av alkohol. Dette skjer gjennom både verbal og fysisk misbruk av både kone og son. Som ei fylgje av dei harde kåra heime veljar Jarle å få ut sin frustrasjon gjennom politisk aktivisme. Gjennom eit møte med Helge Ombo veljar Jarle å bli kommunist og kjempe mot rasisme og kjempe for kvinners rettigheiter. Filmen avsluttar med at Jarle står i begravelsen til faren og skal seie nokre ord.

Vi får så vidt innblikk i noko som verkar som eit godt familieliv før det som ligg under overflata kjem til syne. Det som gjer filmen så sterk er innblikket i ein familie der familiefar prøvar å halde familien idyllisk, men som tapar mot alkoholen kvar gong. Kristoffer Joners tolkning av Terje, den alkoholiserte familiefaren, er sterk og gir historia truverd. Samtidig tolkar Vebjørn Enger den identitetssøkande Jarle på ein fantastisk måte som gir sjåaren følelsen av at dette skjedde, dette er ein dokumentar. Samtidig er Cecilie Mosli med på å trekke historia i rolla som Sara Orheim, mora som prøvar å halde familien saman, sjølv om ho heller burde trekkje seg ut.
I filmen vil ein oppdage at bruken av musikk er med på å trekkje fram handlinga. Samtidig vil ein under enkelte sterke scener leggje merke til at produsentane av filmen leggjer lydbiletet i bakgrunnen. Dette gjer at handlinga i scena får meir trykk på seg og kjem sterkare fram.
Bileta er henta frå http://www.tank.no/site/wp-content/uploads/2012/03/kompaniOrheim_GML.jpg og http://p3.no/filmpolitiet/wp-content/uploads/2012/03/orheim3.jpg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar