Frå Ungdommen
tirsdag 1. mai 2012
Lyrikk, i morderne form
1.
Eg tykkjar at Grytten gjennom den korte forma som ei twitter-novelle er greier å kort fortelje om korleis samfunnet er. Ved at dei er så korte sette han samtidig ein finger på samfunnet og korleis det har utvikla seg til å bli veldig stressa og alt må gå fort.
25. april
Straks våren er her for fullt, skal han rømme frå sjukeheimen. Han drømmer om å sjå Jæren, Lofoten og Buenos Aires. Han er 91, verda ventar.
I denne novella forteljer han kort om ein eldre mann som har bestemt seg for å leve etter å ha vore i live i 91 år.
8. april
Først døgnet etter melder ho frå om mannens død (1932-2012). Ho har site på sengekanten, stryke håret hans, halde rundt han ein siste gong.
Her forteljer Grytten kort om korleis heile verda endrar seg når to eldre menneske blir skild.
b) Over alt sette ho (18) kjærleiken og ho lot seg merke av den. Over alt sette han (33) hatet og lot seg merke av det.
2.
fredag 9. mars 2012
Kompani Orheim
Anbefalt bakgrunnsmusikk er Raga Rockers, gjerne Slakt, Noen og Hate og Når Knoklene Blir Til Gelé.
Kompani Orheim er den tredje filmen i historia om Jarle Klepp, basert på Tore Renbergs romanar. Filmen gir innblikk i korleis ein familie på tre går i oppløysing som fylgje av misbruk av alkohol. Den gir også innblikk i korleis ei slik dramatisk hending i heimen kan kaste ein gut i niandeklasse ut i ei identitetskrise.
Kompani Orheim startar med at Jarle får beskjed om at faren hans er daud. Den vidare historia er eit tilbakeblikk til då Jarle gjekk i niandeklasse og den påfølgjande sumarferien. Personane som driver historia er Terje Orheim, Jarles far, og Jarle. Heile historia er basert på Terjes alkoholmisbruk og Jarles søk etter ein identitet.
Terje har sett seg ut planar for eit godt familieliv basert på blant anna samhald. Inspirert av tungtvatn-sabotørane gir han familien kallenamnet Kompani Orheim. Vidare i filmen går heile familien i oppløysing som fylgje av Terjes misbruk av alkohol. Dette skjer gjennom både verbal og fysisk misbruk av både kone og son. Som ei fylgje av dei harde kåra heime veljar Jarle å få ut sin frustrasjon gjennom politisk aktivisme. Gjennom eit møte med Helge Ombo veljar Jarle å bli kommunist og kjempe mot rasisme og kjempe for kvinners rettigheiter. Filmen avsluttar med at Jarle står i begravelsen til faren og skal seie nokre ord.

Vi får så vidt innblikk i noko som verkar som eit godt familieliv før det som ligg under overflata kjem til syne. Det som gjer filmen så sterk er innblikket i ein familie der familiefar prøvar å halde familien idyllisk, men som tapar mot alkoholen kvar gong. Kristoffer Joners tolkning av Terje, den alkoholiserte familiefaren, er sterk og gir historia truverd. Samtidig tolkar Vebjørn Enger den identitetssøkande Jarle på ein fantastisk måte som gir sjåaren følelsen av at dette skjedde, dette er ein dokumentar. Samtidig er Cecilie Mosli med på å trekke historia i rolla som Sara Orheim, mora som prøvar å halde familien saman, sjølv om ho heller burde trekkje seg ut.
I filmen vil ein oppdage at bruken av musikk er med på å trekkje fram handlinga. Samtidig vil ein under enkelte sterke scener leggje merke til at produsentane av filmen leggjer lydbiletet i bakgrunnen. Dette gjer at handlinga i scena får meir trykk på seg og kjem sterkare fram.
Bileta er henta frå http://www.tank.no/site/wp-content/uploads/2012/03/kompaniOrheim_GML.jpg og http://p3.no/filmpolitiet/wp-content/uploads/2012/03/orheim3.jpg.
fredag 27. januar 2012
Et Dukkehjem
Et Dukkehjem er eit realistisk drama skreve av Henrik Ibsen utgitt i 1879. Et Dukkehjem handlar om Nora Helmer, gift med Torvald Helmer. Nora har lånt 4800kr bak sin ektemann sin rygg. Ein dag trugar personen ho har lånt pengane med å fortelje det til Torvald. For at ikkje Nora skal bli avslørt må ho hjelpe han. Dette går ikkje og han missar jobben. Derfor sender han Torvald eit brev der han forklarar alt. Seinare sender han også eit brev der han sei at han ikkje skal fullføre nokon av trugslane. Men etter at Torvald leser det fyrste brevet visar han Nora at han er meir opptatt av sitt eige rykte enn Nora sjølv. Då blir Nora sine illusjonar om ekteskapet og ho vel å forlate Torvald og borna deira.
Realismen er ei epoke innan litteraturen der forfattarane ville skrive tendensromanar. Dette ville dei gjere for å kome med sine synspunkt i samfunnsdebatten. Tematikken i realistiske romanar er ofte ei konflikt mellom individ og samfunn. Realistane kritiserte samfunnet sin måte å ''stenge inne'' menneskjer. Anten gjennom ekteskap eller gjennom sosial tilhørligheit. Gjennom å bryte med samfunnet på desse punkta trudde realistane at mennesket kunne realisere seg sjølv.
Det som er det klare beviset på at Et Dukkehjem er eit realistisk drama er korleis Ibsen visar til korleis eit ekteskap inngått på feil premiss blir. I Et Dukkehjem blir Nora behandla og omtalt som ein eigendel av Torvald. Dramaet ender til slutt med at Nora går i mot samfunnet for å realisere seg sjølv. Dette gjer ho ved å forlate Torvald sidan Nora sin illusjon om at ekteskapet hennar var bassert på kjærleik brast.
Personleg meinar eg at Et Dukkehjem er eit bra dramastykke som kritiserar samfunnet. Det visar korleis korleis kvinner vart behandla og korleis enkelte menn nærmast gjorde overgrep mot dei. Desse overgrepa var ved å omtale og behandle kvinner som eigendelar. Ved å la Nora forlate Torvald visar Ibsen korleis kvinner kunne realisere seg sjølv.

fredag 2. september 2011
Frykta for å bli lektor
I samband med norskundervisninga skulle me lese kåseriet "Frykta for å bli lektor" skreve av Are Kalvø. Dette kåseriet handlar om bruk av maktspråk for å framstå som noko anna enn du kanskje eigentleg er. I samband med teksten skulle me skrive ein kommentar til teksten og publisere denne på bloggen.
Kåseriet "Frykta for å bli lektor" handlar om bruken av maktspråk. I sjølve teksten blir det gitt fleire døme på kva maktspråk kan vere og korleis ein kan bruke maktspråk til å framstå som om ein noko. Dette er noko eg sjølv har erfaring med, men då for å ikkje framstå som ein overlegen person. Denne erfaringa fekk eg når eg jobba på ein bilverkstad der bruken av fagord og faguttrykk var viktig for kommunikasjonen mellom kollegaane i bedrifta. Samstundes var det vikltig å kunne forklare kundar kva som var gjort på bilen på ein måte som kundane forsto det. Bruken av maktspråk og språk generelt er viktig for korleis ein framstår og ved å velje ord og uttrykk kan du nå fram til den persongruppa du sjølv vil.

søndag 28. august 2011
HEPP HEPP
Fyrst startar me med noko kult:
SIDE BROK KVINNER, SIDE BROK
Elles er dette norskblogg, så blir lite bruk av engelske ord og uttrykk. Derfor blir det ville oversettelsar av alle kriminelt kule engelske ord uttrykk som visar til nynorsk.
Tor Olav ut

Abonner på:
Kommentarer (Atom)