fredag 2. september 2011

Frykta for å bli lektor

I samband med norskundervisninga skulle me lese kåseriet "Frykta for å bli lektor" skreve av Are Kalvø. Dette kåseriet handlar om bruk av maktspråk for å framstå som noko anna enn du kanskje eigentleg er. I samband med teksten skulle me skrive ein kommentar til teksten og publisere denne på bloggen.

Kåseriet "Frykta for å bli lektor" handlar om bruken av maktspråk. I sjølve teksten blir det gitt fleire døme på kva maktspråk kan vere og korleis ein kan bruke maktspråk til å framstå som om ein noko. Dette er noko eg sjølv har erfaring med, men då for å ikkje framstå som ein overlegen person. Denne erfaringa fekk eg når eg jobba på ein bilverkstad der bruken av fagord og faguttrykk var viktig for kommunikasjonen mellom kollegaane i bedrifta. Samstundes var det vikltig å kunne forklare kundar kva som var gjort på bilen på ein måte som kundane forsto det. Bruken av maktspråk og språk generelt er viktig for korleis ein framstår og ved å velje ord og uttrykk kan du nå fram til den persongruppa du sjølv vil.