Et Dukkehjem er eit realistisk drama skreve av Henrik Ibsen utgitt i 1879. Et Dukkehjem handlar om Nora Helmer, gift med Torvald Helmer. Nora har lånt 4800kr bak sin ektemann sin rygg. Ein dag trugar personen ho har lånt pengane med å fortelje det til Torvald. For at ikkje Nora skal bli avslørt må ho hjelpe han. Dette går ikkje og han missar jobben. Derfor sender han Torvald eit brev der han forklarar alt. Seinare sender han også eit brev der han sei at han ikkje skal fullføre nokon av trugslane. Men etter at Torvald leser det fyrste brevet visar han Nora at han er meir opptatt av sitt eige rykte enn Nora sjølv. Då blir Nora sine illusjonar om ekteskapet og ho vel å forlate Torvald og borna deira.
Realismen er ei epoke innan litteraturen der forfattarane ville skrive tendensromanar. Dette ville dei gjere for å kome med sine synspunkt i samfunnsdebatten. Tematikken i realistiske romanar er ofte ei konflikt mellom individ og samfunn. Realistane kritiserte samfunnet sin måte å ''stenge inne'' menneskjer. Anten gjennom ekteskap eller gjennom sosial tilhørligheit. Gjennom å bryte med samfunnet på desse punkta trudde realistane at mennesket kunne realisere seg sjølv.
Det som er det klare beviset på at Et Dukkehjem er eit realistisk drama er korleis Ibsen visar til korleis eit ekteskap inngått på feil premiss blir. I Et Dukkehjem blir Nora behandla og omtalt som ein eigendel av Torvald. Dramaet ender til slutt med at Nora går i mot samfunnet for å realisere seg sjølv. Dette gjer ho ved å forlate Torvald sidan Nora sin illusjon om at ekteskapet hennar var bassert på kjærleik brast.
Personleg meinar eg at Et Dukkehjem er eit bra dramastykke som kritiserar samfunnet. Det visar korleis korleis kvinner vart behandla og korleis enkelte menn nærmast gjorde overgrep mot dei. Desse overgrepa var ved å omtale og behandle kvinner som eigendelar. Ved å la Nora forlate Torvald visar Ibsen korleis kvinner kunne realisere seg sjølv.